Om oss - Olsen Transport AS

Gate 1 - 228, 6700 Måløy - Telefon: 905 23 777
Alt i transport - 24 timers service!
Gå til innhold
- OM OSS -
Olsen Transport AS blei etablert 19.08.1996 av brødrane Tore og Gunnar Olsen. Tore var den einaste ansatte i byrjinga, og han starta firmaet for å ha noko å gjere på fram til han fant seg ein jobb. I 1996 kjøpte Tore ein godt brukt 1986-modell Scania 142, og byrja å køyre fisk frå dei lokale fiskebudene til båtane som skulle frakte fisken vidare.

 
 
Etter kort tid blei bedrifta utvida med fleire bilar, samt hengarar og sjølvsagt sjåførar! Etter kvart begynte han med distribusjon av stykkgodsvarer som kom til Måløy hamn med diverse godsbåtar. Samtidig som bedrifta byrja å vakse, byrja også Gunnar som sjåfør i firmaet. Vidare blei bedrifta utvida med krokløftbil og hengar. Etter kvart som tida går, skaffar dei seg trekkvogner med diverse traller, og i 2015 byrja også Ole Christian som sjåfør hjå Olsen Transport.
 
 

I 2008 var vi med på å starte Vågsøy Kran & Transport AS saman med Ronny Wik, der vi eig 50% kvar.
Per dags dato (2021) har vi 9 ansatte og 10 bilar som er i drift.
Tilbake til innholdet